ULUKKE: Berre ein bil var involvert i ulukka ved Vesterland og den einaste personen i bilen kom frå det uskadd. Foto: Halvor Farsund Storvik
ULUKKE: Berre ein bil var involvert i ulukka ved Vesterland og den einaste personen i bilen kom frå det uskadd. Foto: Halvor Farsund Storvik

Trafikkulukke etter at bil kom over i feil køyrebane

Det er glatt på staden og eitt køyrefelt er stengt.

  • Endret

Sogndal: Politiet twitra rett over klokka 1630 om ei trafikkulukke ved Vesterland på Kaupanger. Førar var åleine i den einaste involverte bilen, og det var glatt på staden.

– Det ser ut som ein bil har kome over i feil køyrebane etter å ha vore borti autovernet på si side. Kva som er grunnen til det kan eg ikkje seia så mykje om no, seier politioverbetjent Rita Skjeldestad til Porten.no.

Ingen vart skadde, men køyrefeltet mot Sogndal er stengt ved Vesterland inntil vidare på grunn av ulukka.

 

Til toppen