Aurland: Klokka 18:43 melde Vest politidistrikt om ei trafikkulukke i Fretheimstunnelen på E16 ved Flåm i Aurland, omlag 100 meter aust for tunnelen.
Tre bilar og tre personar var involverte i ulukka.
Alle naudetatane rykka ut, inkludert luftambulanse. Brannvesenet var framme klokka 18:48. Ei kvinne omkom i trafikkulukka. Ho var sjåfør i èin av dei tre involverte bilane. Sjåførane av dei to andre bilane vart sende til sjukehus eller legevakt for sjekk.
– Skadeomfang er ukjent, men begge vart skildra som vakne og medvitne, skriv politiet i ei pressemelding.
Tre tunnelar stengd, organiserer omkøyring
Vegen vart stengt etter ulukka. Etter ei stund vart det innført kolonnekøyring for personbilar forbi staden. Først klokka 05:07 vart vegen opna for fri trafikk etter opprydding.
Kriminalteknikarar frå politiet vil undersøka ulukka, i tillegg til ulukkesgruppa til Statens vegvesen.
