Gulen: – Me fekk inn ei melding klokka 16.21 om ein bilulukke, der bilen har snurra 180 grader rundt, seier Knut Dahl-Mikkelsen, operasjonsleiar i Vest Politidistrikt.
Politiet er ikkje fram på staden, men ein brannbil er framme, og trafikken er stengt.
– Me veit ikkje meir om personskadene enn at føraren er bevisst, og klagar på smerter, seier han.
Det var kun ein bil i ulukka, og føraren var åleine i bilen. Føraren var ei kvinne, usikker på alder og kor ho er i frå.
– Uvisst kor store materielle skader bilen har, men frontruta er sprukke, seier han.
Porten.no oppdaterer saka.