ULUKKE: To bilar har kollidert på Høyheimsvik i Luster.
ULUKKE: To bilar har kollidert på Høyheimsvik i Luster. (Foto: Porten.no tipsar)

To bilar har kolliderte på Høyheimsvik, no er vegen open

Politiet opplyser at personen som sat fast har det greit.

Luster: To bilar har kollidert på fylkesveg 55 ved Høyheimsvik i Luster kommune.

Politiet melder på twitter at ulukka skjedde på Fagerneset i Luster, men Porten-tipsar på staden seier ulukka skjedde på strekka mellom Høyheimsvik og Luster. 

Tre personer er involvert i ulukka. Politiet opplyser at ein person sat fast, men har det greit.

– Alle er komne ut av bilane, og  vegen er stengt. Det er ikkje synlege skader på dei involverte, melder brannvesenet som var først på staden, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt Per Algrøy, til Porten.no

Vest politidistrikt fekk melding om ulukka klokka 14:43. Klokka 15:58 melde politiet at vegen var open att. 

Til toppen