Trafikkulukke i Gaupne, to bilar involverte
(Skjermbilde: Google Maps)

Trafikkulukke i Gaupne, to bilar involverte

Klokka 19:55 fekk Vest politidistrikt melding om ei trafikkulykke i Luster.

Luster: Ulukka skal ha skjedd i Sandvikvegen i Gaupne. Det er totalt fem personar involvert. 

Samtlege er medvitne og oppegåande, men frakta til legekontoret for sjekk, opplyser politiet på Twitter. 

– Me er ikkje heilt sikre på hendingsforløpet, men to bilar kolliderte i eit kryss i Sandvikvegen. Det var ingen personskader og minimale materielle skader. Vegen er rydda, og det er fri ferdsel, seier vaktleiar ved Alarmsentralen, Dan-Inge Gjesdal, til Porten.no lokka 20:50. 

Gjesdal opplyser at både politi og brannvesen rykka ut til ulukka. Brannvesen var ferdig på staden klokka 20:25. 

Vegen var stengd, men det er no fri ferdsel på staden. Bilbergar skal hente køyretøya i løpet av kvelden, og då kan det oppstå litt venting, ifølgje Gjesdal. 

Klokka 21:33 melder Vest politidistrikt på Twitter at ein av sjåførane ikkje hadde heldt vikepliktsreglane. Førarkortet vart difor mellombels teke i beslag. 

Til toppen