SATT FASTKLEMD: Etter ulukka der ein bubil køyrte i fjellveggen i Hagatunnelen i Aurland satt ei kvinne fastklemd. Ho er flydd med luftambulanse til Haukeland sjukehus.
SATT FASTKLEMD: Etter ulukka der ein bubil køyrte i fjellveggen i Hagatunnelen i Aurland satt ei kvinne fastklemd. Ho er flydd med luftambulanse til Haukeland sjukehus. (Foto: Arne Veum)

Trafikkulukke i Hagatunnelen: ei kvinne sendt med luftambulanse, to andre til Voss sjukehus

Hagatunnelen vart stengd etter ei trafikkulukke dei ein bubil har vore involvert. Politiet melder om at ei kvinne satt fastklemd.

Aurland: Hagatunnelen i Aurland vart stengd grunna redningsarbeid etter ein bubil køyrte i fjellveggen torsdag, det skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Bubilen skal ha køyrt i fjellveggen ifølgje Helse Førde som sendte ein luftambulanse og to vanlege amublansar til staden. 

Ei kvinne, ein mann og eit barn var involvert i ulukka. Kvinna er sendt til Haukeland sjukehus med luftambulanse, og dei to andre vart frakta til Voss sjukehus i vanleg ambulanse.

Rundt klokka 18:30 fekk politiet melding om at ein person satt fastklemd etter ulukka. Politi og ambulanse kom raskt til staden. 

Til toppen