INGEN SKADD: Den eine personen som var innvolvert i ulukka er tilsynelatande uskadd, melder politiet.
INGEN SKADD: Den eine personen som var innvolvert i ulukka er tilsynelatande uskadd, melder politiet. (Foto: Illustrasjon)

Trafikkulukke i Luster – ingen alvorleg skadd

Halv ni sundag morgon meldte AMK-sentralen ved Helse Førde om ei ulukke i Hesjevoll i Jostedalen. Politiet opplyser at dei eine involverte personen er tilsynelatande uskadd.

Luster: – Brannvesenet opplyser oss om at sjåføren av bilen skal vera uskadd, seier Arve Samsonsen hjå Politiets operasjonssentral.

Kring halv ni sundag morgon meldte AMK-sentralen ved Helse Førde om ulukka. Ein halv time seinare kan politiet opplyse at både dei og ambulanse er på veg til staden.

– Bilen ligg på sida, men sjåføren er ute, seier Samsonsen.

AMK-sentralen melder litt over ni at personen vert teken med til legekontoret for sjekk.

Til toppen