ULUKKE: Næsbøtunnelen.
ULUKKE: Næsbøtunnelen. (Foto: Google Maps/Skjermdump)

Mann frakta til Haukeland etter ulukke: — Bilen har fått seg ein skikkelig trøkk

Ein bil er involvert i ulykka. Føraren er sendt til Haukeland.

Aurland: Klokka 15:07 fekk politiet melding om ei trafikkulykke i Næsbøtunnelen i Aurland, det opplyser dei på Twitter. 

Det skal vera ein bil involvert i ulukka. 

— Ein bil har krasja i ei steinblokk på 1500 kilo i vegen i Berdalstunnelen, seier trafikkoperatør Jan Erikstad til Bergens Tidende etter ulykka. 

Til Sogn avis seier operasjonsleiar Steinar Hausvik at ein eldre mann er frakta til Haukeland etter å ha vore involvert i ulykka. 

— Bilen har fått seg ein skikkelig trøkk

Til Bergens Tidende seier brannsjef i Aurland, Reinhardt Sørensen, at bilen skal ha truffe steinen, så tunnelveggen, før bilen til slutt gjekk rundt.

— Det er ikkje ofte vi møter ein bil som har gått rundt. Bilen har fått seg ein skikkelig trøkk. Det har nok vore dramatisk for personen som har køyrt bilen, seier han. 

Det var han, saman med kollegaer, som hjalp mannen ut av bilen.

Det blir gjort ny vurdering på tunnelen i morgon tidleg. 

Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no

Til toppen