ULUKKE: Det har skjedd ei trafikkulukke i Sogndal sentrum.
ULUKKE: Det har skjedd ei trafikkulukke i Sogndal sentrum. (Skjermbilete: Google Maps)

Trafikkulukke i Sogndal: Påkøyrt bakfrå

Klokka 13:50 melder Vest politidistrikt om ei trafikkulukke i Sogndal.

Sogndal: Ulukka skal ha skjedd på Helgheimsvegen mellom rundkøyringa ved Loftesnesbrui og rundkøyringa ved kulturhuset i sentrum.

Ambulanse var på staden klokka 13:51 og tok med seg to personar til legevakt for sjekk.

Vaktleiar på alarmsentralen fortel at det er rapportert om litt materielle skader, men elles ikkje noko alvorleg. Brannvesenet rykka ikkje ut.

Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no

Til toppen