ULUKKE: Det har vore in påkøyrsel bakfrå i Vik.
ULUKKE: Det har vore in påkøyrsel bakfrå i Vik. (Foto: Skjermdump/Google maps)

Trafikkulukke på riksveg 13 i Vik

Det skriv politiet på Twitter.

Vik: Klokka 18.58 skal ein bil ha køyrt inn i ein annan bil på riksveg 13, ved Svartasvoi i Vik. Politiet er på veg til staden, og det er ikkje meldt om personskade.

– Det er to bilar involvert, med ein person i kvar bil, seier Terje Magnussen i operasjonssentralen.

I den eine bilen er det utløyst airbag, og det ulukka skal ha skjedd i låg hastigheit, rundt 50 km/t.

– Politiet er no på veg til staden for å få kontroll, og passe på at det ikkje skjer fleire ulukker på staden.

Det er manuell dirigering på staden, og bilbergar er på veg.

Me oppdaterer saka. Har du tips eller bilete?
Kontakt oss på tips@porten.no eller 41765024.

Til toppen