ULUKKE: Ein bil med to personar har køyrt av vegen ved Biskopvatnet.
ULUKKE: Ein bil med to personar har køyrt av vegen ved Biskopvatnet. (Foto: Skjermdump / Google Maps)

To til sjukehus med luftambulanse etter utforkøyring ved Biskopvatnet

Begge skal vera i 70 åra.

Årdal: Ein bil har køyrt av vegen på fylkesveg 53, ved Biskopvatnet, mellom Årdal og Tyin. Det opplyser politiet på Twitter. Skadeomfanget er ukjent, men begge personane skal ha kome seg ut av bilen.

Klokka 13.45 skriv politiet på Twitter at det er ein mann og ei kvinne som er involvert i ulukka. Både årsak og omfang er fortsatt ukjent. Dei er begge i 70 åra og er sendt med luftambulanse til Førde sentralsjukehus.

Bilen ligg utanfor vegen. Det betyr at det er passasje og vegen er open for trafikk.

Til toppen