ULUKKE: Ulukka skal ha skjedd i 80-sona like før ferjekaia i Lavik.
ULUKKE: Ulukka skal ha skjedd i 80-sona like før ferjekaia i Lavik. (Skjermbilde: Google Maps)

Trafikkulukke på E39 – éin bil med to personar i er involvert

Ein bil med to personar i skal vere involverte i ei trafikkulykke i 80-sona like aust for ferjekaia i Lavik. Vegen er stengt i begge retningar.

Lavik: Politiet melde klokka 14.57 at dei rykker ut til ei trafikkulukke i 80-sona like før ferjekaia i Lavik. Ein bil med fleire personar i skal vere involvert. 

Ingen av personane skal vere fastklemde eller bevisstlause, men skadeomfanget er ukjent, melder politiet. 

E39 er førebels stengt i begge retningar. 

– Bilen skal ha ein kvinneleg førar som opplyser å ha smerter i ryggen. I tillegg er det ein passasjer med i bilen der det er usikkert skadeomfang, seier operasjonsleiar hos politiet, Frode Kolltveit. 

Bilen skal ha køyrt ut i grøfta og har noko lekkasje. Airbagen skal ha blitt utløyst, ifølgje Kolltveit. 

Politiet er på veg til staden saman med andre naudetatar. 

Begge i bilen bevisste og oppegåande

Klokka 15.34 opplyser politiet på Twitter at det ikkje er opplyst om personskade på passasjeren. Begge personane er bevisste og oppegåande. Naudetatane er framme på staden. 

Det vil etterkvart bli manuell dirigering på vegen. 

Ulukka skal ha skjedd like ved Mosemyra camping. 

Til toppen