Årdal: Om lag 23.30 fredagskveld køyrde ein bil i fjellveggen på fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Årdalstangen.
Politiet opplyser om personskade og at den skadde er sendt med ambulanse til Førde. Politiet mistenker at bilføraren har køyrt i ruspåverka tilstand.
Fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Årdalstangen blei stengd som følgje av hendinga. Om lag 01.00 blei vegen open for trafikk.