ULUKKE: Politiet har stengd av ulukkesstaden på Slinde, Sogndal. Der ein lastebil og ein moped skal ha kollidert.
ULUKKE: Politiet har stengd av ulukkesstaden på Slinde, Sogndal. Der ein lastebil og ein moped skal ha kollidert. (Foto: Jo Marius Bøyum)

Politiet: – Lastebilføraren er fysisk uskadd, men prega

Tysdag kveld rykte naudetatane ut til ei trafikkulukke på Slinde i Sogndal, kor ein moped og ein lastebil hadde kollidert.

  Foto: Jo Marius Bøyum

Sogndal: Ein mopedførar kolliderte med ein lastebil, og vart frakta til Haukeland sjukehus med luftambulanse i kveld. 

Store blødningar

– Det er meldt om store blødningar, og mopedføraren vart frakta med luftambulanse til Haukeland sjukehus, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Lastebilføraren er fysisk uskadd, men prega av situasjonen, ifølgje politiet. 

– Klokka 20:20 fekk me melding om at ein moped og ein lastebil hadde støtt saman på Slinde, like ved Fatlabergtunnelen. Helsepersonellet var raskt på staden

Politiet skal ha danna seg eit bilete av hendinga og har oppretta sak. 

Har du tips? Send til tips@porten.no eller på tlf: 90815045

Til toppen