ULUKKE: Nettbussen var på veg mot Sogndal frå Førde. Bilete: Tipsar
ULUKKE: Nettbussen var på veg mot Sogndal frå Førde. Bilete: Tipsar

Trafikkulykke utanfor Frudalstunnelen, Sogndal. To menn er alvorleg skadde, to kvinner kritisk skadde

Buss og personbil har kollidert på Sogndal-sida av tunnelen. Helse Førde melder at fire personar er sendt til sjukehuset i Førde.

Fjærland: Ein buss og ein personbil har kollidert sundag, ved Frudalstunnelen. 

Ulukka har skjedd på Sogndal-sida av tunnelen, og ein person var lenge fastklemt. Politiet fekk inn melding om at ulykka hadde skjedd klokka 11.01. Dei fire skadde personane vart sende til sjukehus. Dei andre involverte personane i ulykka får tilsyn av kommunal legevakt. 

Helse Førde opplyser at to kvinner, fødde i 1961 og 1966, høvesvis, er kritisk skadde i ulykka. Litt før klokka åtte om kvelden sundag melder Helse Førde at dei to er frakta vidare til Haukeland sjukehus med helikopter.

Ein av dei fire skadde sat lenge klemstra fast på ulykkesstaden, og helsepersonell og brannvesen måtte samarbeide om å få vedkomande laus. 

To menn, fødde i 1959 og 1963, vert skildra som alvorleg skadde. Han av dei som er fødd i 1963 er framleis innlagd på sjukehuset i Førde.

Han som er fødd i 1959 har vorte frakta vidare til Haukeland sjukehus med ambulansefly. Det melder Helse Førde kort tid før midnatt sundag. 

FRUDALSTUNNELEN: Frudalstunnelen vart ferdigstilt i 1994. Den er 6758 meter lang og går mellom Fjærland og Sogndalsdalen, før ein kjem til,  Dalavatnet, Svidalen og Sogndal.

Kolliderte med morgonbuss frå Førde til Sogndal

Administrerande direktør i Nettbuss, Ole Engebret Haugen, stadfestar at det er bussen mellom Førde og Sogndal, (9.30-11.15 i høve ruta) som er involvert i ulukka.

Personbilen som har kollidert med bussen før Frudalstunnelen har altså kome i retning frå Sogndal mot Fjærland. 

Politiet opplyser òg at det er glatt og dårleg vêr i området der ulukka skjedde.

 
Til toppen