TRAFIKKULYKKE: Ein motorsykkel og bil har krasja på Tindevegen.
TRAFIKKULYKKE: Ein motorsykkel og bil har krasja på Tindevegen. (Foto: Skjermdump/Google maps)

Trafikkulykke på Tindevegen

Naudetatane er på veg til staden.

Årdal: Politiet fekk klokka 14.45 melding om ei trafikkulykke på Tindevegen, mellom Årdal og Luster. Det er snakk om ein bil og ein motorsykkel som har krasja, og fem personar skal vera involvert i ulukka.

Skadeomfanget er ukjent, men ein tipsar fortel at at politiet, brannvesen og ambulanse er på veg til staden. Ingen skal vera bevisstlause og ingen fastklemte.

Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no eller 41765024.

Til toppen