ULYKKE: Ein bil køyrde av vegen ved Tønjum søndag føremiddag. Foto: Jan Christan Jerving.
ULYKKE: Ein bil køyrde av vegen ved Tønjum søndag føremiddag. Foto: Jan Christan Jerving.

Trafikkulykke på Tønjum

Dei to personane som sat i ulykkesbilen har blitt sendt til legevakta for kontroll.

Lærdal: Klokka 11.58 fekk politiet melding om eit trafikkuhell der ein bil med to personar var involvert.

To personar har blitt sendt til legevakta for kontroll etter trafikkulykka.

Alle naudetatar har rykt ut til eit trafikkuhell på E16 ved Tønjum i Lærdal.

Politiet i Sogn og Fjordane opplyser på Twitter om at brann, helse og politi er på staden.

Det er usikkert om det er personskade.

Til toppen