Sogndal: Det har vore trafikkulukke mellom ein personbil og ein sykkel i dalavegen i Sogndal, melder Vegtrafikksentralen på Twitter.
Ein sykkel med to personar på skal ha krasja med ein bil. To personar er frakta med ambulanse til lokalt legekontor. Det skal vere kuttskader og smerter i fot.
Politiet melder at begge personane på sykkel var berusa. Det blir teke blodprøve og oppretta sak.
Føraren av bilen er uskadd. Det er ikkje mistanke om rus på bilføraren.
Politiet har avslutta på staden.