VELT: Eit køyretøy med trailer sperrar delvis vegbana etter ein velt i FJærlandstunnelen.
VELT: Eit køyretøy med trailer sperrar delvis vegbana etter ein velt i FJærlandstunnelen. (Foto: Skjermdump/Google maps)

Vogntog har velta i Fjærland, eitt køyrefelt er stengd

På riksveg 5 ved Fjærlandstunnelen har eit vogntog velta. Eitt køyrefelt er stengd, og det er manuell dirigering på staden.

Sogndal: Klokka 22.44 melde Statens vegvesen at eit køyretøy med hengar har velta i Fjærlandstunnelen og delvis sperrar vegbana.

Lesarar som har passert uhellet, opplyser at velten ikkje har skjedd i tunnelen, men tre kilometer nedom, i retning Fjærland.

– I 10-tida i kveld fekk me melding om at eit vogntog hadde velta. Eitt køyrefelt er stengd så det er manuell dirigering. No er bilberging for tungbil på veg, seier Ronny Sleire, trafikkoperatør for Statens vegvesen. 

Har du tips? Send på tips@porten.no eller tlf: 90815045

Til toppen