TRAILERVELT: Onsdag kveld velta ein trailer på Ljøsne og sperra heile E16 som var stengt i nokre timar. 
TRAILERVELT: Onsdag kveld velta ein trailer på Ljøsne og sperra heile E16 som var stengt i nokre timar. 

Trailer velta på Ljøsne

Onsdag kveld måtte E16 stengast på grunn av ein trailervelt.

Ljøsne: Vegen var steng i eit par timar då traileren velta rundt 21.30-tida onsdag kveld. Alle naudetatane rykte ut til Ljøsne på E16 i Lærdal. 

Vogntoget låg og sperra vegen, og det var berre ein person i køyretøyet. Vedkommande var ikkje alvorleg skadd. 

Då det pågjekk bilberging vart omsider eit køyrefelt opna, og no er vegen heilt open igjen.

Til toppen