VELTA: Den eine vegbana ved Vesterland har vore stengd torsdag kveld grunna trailervelt. Foto: Halvor Farsund Storvik
VELTA: Den eine vegbana ved Vesterland har vore stengd torsdag kveld grunna trailervelt. Foto: Halvor Farsund Storvik

Trailervelt ved Vesterland

Ei vegbane vart sperra då trailer velta på Kaupanger torsdag kveld.

Kaupanger: Føraren var åleine i traileren som velta ved Vesterland i 18-tida, twitrar Politiet. Helsepersonell såg til føraren, men det skal ikkje vera personskader av betydning. Den eine vegbana var sperra heile kvelden ettersom traileren måtte tømmast før bilberging kunne ta til. Det har vore manuell dirigering på staden, og politiet reknar med at begge vegbanene er opne att rundt midnatt.

Til toppen