SKAPAR ORDEN I KAOSET: Få sit på meir kunnskap enn statsvitar Frank Aarebrot og NRK-legende Hans-Wilhelm Steinfeld. Og få likar betre å dele av den enn den snakkesalige duoen som hadde tatt turen til Sogndal kulturhus i går.
SKAPAR ORDEN I KAOSET: Få sit på meir kunnskap enn statsvitar Frank Aarebrot og NRK-legende Hans-Wilhelm Steinfeld. Og få likar betre å dele av den enn den snakkesalige duoen som hadde tatt turen til Sogndal kulturhus i går.

Trakk smekkfull sal i Sogndal: – Folk tørstar etter systematisk kunnskap

I ei tid der presidentar twitrar halvsanningar og nyheiter like godt kan vere falske, er det godt å ha to bergensarar som kan setje skapet på plass.

Sogndal: Det er ikkje mange som kan snakke om verdas undergang og bli møtt av latter og trampeklapp. Men to av dei heiter Frank Aarebrot og Hans-Wilhelm Steinfeld og i går delte dei scene framfor ein stappfull sal i Sogndal kulturhus.

– Det var jo hyggjeleg at det kom så mange folk, seier Aarebrot og tek eit magadrag av røyken i sprengkulda utanfor etter at showet er over.

Les også: Håpar Brexit fører til reforhandling av EØS

– Vi to anar heller ikkje kva som vil skje

Dei var der for å promotere eit reisebyrå dei er med å arrangere guida turar for, samt for å snakke om krig og fred og religion og politikk og slikt.

KUNNSKAPSTØRST FORSAMLING: Ikkje ein stol var å oppdrive, folk sat i trapper og stod opp etter veggane då Hans-Wilhelm Steinfeld og Frank Aarebrot la fram sine vurderingar om klodens tilstand.
KUNNSKAPSTØRST FORSAMLING: Ikkje ein stol var å oppdrive, folk sat i trapper og stod opp etter veggane då Hans-Wilhelm Steinfeld og Frank Aarebrot la fram sine vurderingar om klodens tilstand.

Ei og anna slagveksling vart det mellom dei to tungvektarane, men for det meste prøvde dei å lose publikum gjennom kaoset som er skapt etter fleire politiske jordskjelv det siste året. 

– Eg trur ikkje Hans-Wilhelm og eg er vesentleg mindre forvirra enn andre, det er berre det at vi har litt meir bakgrunnskunnskap. Det kan ikkje vere særleg tvil om at vi går inn i ei meir uforutsigbar tid. Vi to anar heller ikkje kva som vil skje, men vi har kanskje ein del tankar og scenario vi kan fortelje om, seier Aarebrot.

Folk er tørste på svare

Med eit slikt bakteppe av uvisse er dei begge ekstra uroa over svekkinga av dei tradisjonelle media. I staden tek sosiale media stadig større delar av både lesarmassen og annonsekaka, utan å ta det same ansvaret.

– Då får du falske nyhende og det er eit kjempeproblem. Det såg vi ikkje minst i den amerikanske valkampen, seier Steinfeld.

Aarebrot er samd, men ser samstundes lyspunkt, mellom anna representert ved det imponerande oppmøtet til kulturhuset i Sogndal i går kveld. 

– Reaksjonen på alt dette er noko eg opplever som ein tørst etter systematisk kunnskap. Når føredraget eg heldt om Norge gjennom 200 år har hatt over ein million nedlastingar på nettet, så fortel det meg at det er ein tørst etter den type systematisk og historisk kunnskap der ute. Folk vil gjerne få fastsett kva som er tilfelle, seier han. 

Til toppen