Traktorbrann i Sogndal, brannvesenet driv med etterslokking
(Illustrasjonsfoto: Arkiv)

Traktorbrann i Sogndal, brannvesenet driv med etterslokking

Klokka 17:04 fekk  politiet melding om ein traktorbrann i Sogndal.

Sogndal: Brannen skal finne stad på Åberge i Sogndal. 

Ifølgje meldaren er traktoren i full fyr. Det er ikkje meldt om personskade, og naudetatane er på veg til staden.

Klokka 17:20 seier Steinar Haustvik, operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt at brannvesenet er framme på staden og har starta slokking. 

Klokka 17:40 melder politiet at brannen er slokka, og at brannvesenet driv med etterslokking.

– Det er ein gamal type traktor som er tilkopla ein hengar som inneheld høy. Det brenn i hovudsak i høylasten, seier Haustvik. 

Han opplyser at traktoren står i nærleiken av hus på ein gardsplass.

Til toppen