SPANANDE: Borna i barnehagane tykte det var gjevt å få traktorar på leikeplassen. Her frå barnehagen i Borgund.
SPANANDE: Borna i barnehagane tykte det var gjevt å få traktorar på leikeplassen. Her frå barnehagen i Borgund. (Foto: Lærdal Næringsutvikling)

Traktorboom i barnehagane: – Me er opptekne av rekruttering til norsk landbruk

Det sa styreleiar i Lærdal bondelag, Njål Kaardal Golf, då barnehagane på Lærdalsøyri fekk fem nye traktorar til leik, læring og moro.

Lærdal: Lærdal bondelag gav – i samarbeid med Felleskjøpbutikken til Lærdal Grønt – barnehagane i bygda totalt åtte nye trø- og sparketraktorar, det skriv Lærdal Næringsutvikling i ei pressemelding.  

– Me er jo opptekne av rekruttering til norsk landbruk, og at borna fattar interesse for traktorar er gjerne der det startar for mange, sa Njål Kaardal Golf, då barnehagen på Lærdalsøyri fekk utdelt fem traktorar.

Fekk gode prisar hjå Lærdal Grønt 

Lærdal bondelag tok i vinter kontakt med Felleskjøpetbutikken til Lærdal Grønt med førespurnad om dei kunne sponsa barnehagane med gode prisar på trø- og sparketraktorar. Her var ikkje Felleskjøpbutikken seine og be, så Bondelaget fekk svært gode prisar på traktorane som vart leverte til barnehagane ved inngangen til våronna i Lærdal.

SPENTE: Styreleiar i Lærdal Bondelag, Njål Kaardal Golf (f.v.), Sjur Arne Bøe frå Felleskjøpbutikken til Lærdal Grønt, og styremedlem i Lærdal bondelag, Aleksander Mo, stod for overrekkinga av traktorane 21. mars. Foto: Lærdal Næringsutvikling

– Me håpar dei blir godt brukte, sa Kaardal Golf i sin korte, men presise tale under overleveringa av traktorane til Lærdalsøyri barnehage.

Alt tyda på at så ville bli tilfelle; det vart straks stor rift om traktorane då dei kom inn på leikeplassen, og dei tilsette hadde fulle hyre med å få dei små, spente til å praktisera køkultur.

Spektakulær overlevering

Bondelagsleiaren kom med trøtraktorane i skuffa på sin eigen «ordentlege» John Deere, ein entre som sjølvsagt vekte merksemd blant alle borna som stod ute på leikeplassen då overrekkinga fann stad i Lærdalsøyri barnehage – dei fekk tre av dei største trøtraktorane, ein mindre trøtraktor og ein sparketraktor.

KJEKT: Mange ville prøva, og traktorane kom kjapt i bruk. Foto: Lærdal Næringsutvikling

Borgund barnehage fekk tre traktorar levert seinare same dag – ein av kvar sort.

Styrarane i dei to barnehagane har ettertrykkjeleg takka for gåvene dei fekk av bondelaget og Felleskjøpbutikken.

Til toppen