ULUKKE: Ein person er skadd i ei traktorulukke, melder politiet.
ULUKKE: Ein person er skadd i ei traktorulukke, melder politiet. (Skjermbilde: Google Maps)

Mann sendt til sjukehus med luftambulanse etter traktorulukke

Klokka 9:46 onsdag melde Vest politidistrikt om ei ulukke i Høyanger. Sju personar vart frakta i ei traktorskuffe i samband med jakt då éin fall av. Mannen skal ikkje vere kritisk skadd. 

Høyanger: Ein person skal ha blitt skadd under transport i ein traktor, opplyser politiet på Twitter. Skadeomfanget var ukjent då ulukka vart meldt.

Klokka 10:02 melder politiet at luftambulansen har landa på staden og tek med seg den skadde personen. Politiet er ikkje framme på staden. 

Den skadde personen var ein del av eit reisefølgje på åtte personar og skal ha hamna i klem, opplyser Terje Birkeland ved Alarmsentralen i Florø.

Sju personar sat i traktorskuffa og éin person vart klemt mellom hjulet og skuffa. 

Ulukka skal ha skjedd i Almurbakkane ovanfor Frivika nær Kyrkjebø.

Klokka 10.53 opplyser politiet at dei er på staden og snakkar med føraren av traktoren. Den skadde skal ha vore bevisst når han vart frakta vekk. Politiet gjer no undersøkingar på staden. 

Politiet var ferdige på staden kring klokka 11.45. Ifølgje operasjonsleiar hos Vest politidistrikt, Vibeke Næss, skal ulukka ha skjedd i samband med eit girskifte der traktoren har hoppa litt. Følgjet skal ha nytta traktoren til å ta seg fram i samband med jakt.

Mannen som kom i klem skal ikkje vere kritisk skadd. Innsatsleiar Gunnar Englund hos politiet seier til NRK Sogn og Fjordane at mannen hadde rørsler i alle ledd etter ulukka, men hadde vondt i ryggen. 

Politiet kjem til å opprette ei sak. 

Til toppen