Luster: I 10:30-tida fredag melde politiet at ein mannen var funnen blødande ved sidan av ein traktor på Lomheim i Luster. Det først ikkje klart kva som har skjedd.
– Mannen er medviten, har blødd ein del. Naudetatane og luftambulansen er no på staden, skriv politiet på Twitter klokka 10.35.
Like etter vart mannen flydd til sjukehuset i Førde med kuttskader i hovudet. Etter å ha avhøyrt vitner til ulukka fekk politiet greie på kva som hadde skjedd.
– I samband med påkopling av utstyr på traktor, har ein slange losna og truffe den tilskadekomne i hovudet, skriv dei klokka 11:07.
Arbeidstilsynet blir varsla, og politiet oppretter sak.
Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no