BREI SEMJE: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen ønskjer brei semje om transportplanen som vart lagt fram som tilråding måndag. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 
BREI SEMJE: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen ønskjer brei semje om transportplanen som vart lagt fram som tilråding måndag. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 

Transport-fasiten kjem ikkje før om over eitt år

Først til sommaren neste år får vi vite om politikarane på Stortinget har følgt tilrådingane frå transportetatane. Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) håpar på brei semje.

  • Endret

Årdal/Lærdal: – No startar den politiske delen av dette. Vi skal gjere vedtak i Stortinget før sommaren 2017. Forhåpentleg blir det med eitt breitt og godt kompromiss, sa samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) etter at han måndag fekk innspel til Nasjonal transportplan (NTP) frå Jernbaneverket, Kystverket, Statens vegvesen og Avinor. Solvik-Olsen vil prioritere vedlikehald, effektiv gjennomføring av påbegynte prosjekt og nye prosjekt i den nye transportplanen.

Vil ha brei semje

Han understreka kor viktig det er at transportplanen blir langsiktig og heilskapleg for å unngå omkampar og langvarig politisk strid og uvisse om mange enkeltprosjekt.

– Vi skal ha perspektiv mot 2050, heilskaplege løysingar og vektleggje effektiv ressursbruk. Vi skal løfte opp vedlikehald av infrastrukturen i landet og sikre ein meir effektiv og miljøvennleg bruk av han, seier statsråden.

Ber om innspel

Han seier at den nye transportplanen vil ha mange nye utbyggingsprosjekt, men at det også er viktig å sikre ei effektiv gjennomføring av påbegynte prosjekt. Samtidig vil han redusere vedlikehaldsetterslepet.

Dokumentet blir no sendt på høyring med høyringsfrist 1. juli i år.

– I tillegg vil vi reise land og strand rundt for å få innspel og synspunkt. Eit breitt offentleg ordskifte og innspel frå mange hald er med på å styrke og utvide grunnlag til regjeringa for å fastleggje prioriteringar og økonomiske rammer for den nye transportplanen, seier samferdselsministeren. (©NPK)

Til toppen