Transportørfirmaet vart meld til politiet for å utføre ulovleg kabotasjetransport, der føraren ikkje kunne vise dokumentasjon for internasjonal last forut for den nasjonale lasta han hadde på vogntoget under kontrollen.
Før vidare transport må lasta lastast om på eit nytt køyretøy.
I tillegg til dette var eit vogntog overlasta i kontrollen. Sjåføren fekk ikkje lov til å køyre vidare før forholdet var retta og vogntoget avlasta. I tillegg venta det eit gebyr på 7.850 kroner.