TRAPPAR NED: Sesongen er over for Eirik Kinserdal frå Årdal, og no ønskjer han å trappe ned på sykkelsetet. Foto: Privat.
TRAPPAR NED: Sesongen er over for Eirik Kinserdal frå Årdal, og no ønskjer han å trappe ned på sykkelsetet. Foto: Privat.

Trappar ned på sykkelsetet

Men det kan hende han tar fatt i sykkelstyret att på eit seinare tidspunkt.

Årdal: Eirik Kinserdal frå Årdal har gjort det godt på sykkelsetet og hevda seg bra i fleire konkurransar, men no vil ungguten trappe ned.

– Eg har blitt lei og synest ikkje lenger at det er morosamt å konkurrere. Det har eg eigentleg ikkje syntest heile denne sesongen, seier han.

Kinserdal har lagt ned eit enormt tal med timar på sykkelen sin dei siste åra. På det meste har han vore oppe i 15 timar i veka. 

I juni i fjor kom han mellom anna på ein 24. plass i NM. I år hadde han ikkje sett seg så høge mål og er difor nøgd med korleis sesongen har gått. 

Førre laurdag deltok han på Øygarden Sykkelfestival, der han kom på ein fin 5. plass i sin klasse. 

Men sjølv om han trappar ned, er det framleis sjanse for at han startar opp att med konkurreringa seinare.

– Det kan hende. Det er ein kjempefin idrett viss ein trives med seg sjølv og med andre, men eg må gi det litt tid, seier han og legg til:

– Eg ønskjer å takke alle som har stilt opp og støtta meg. 

Til toppen