KREVJANDE JOBB: Innsatsleiar Elmer Sjøvoll frå Sogn brann og redning fortel at sløkkearbeidet var særs krevjande. (Bilde:  Halvor Farsund Storvik)
TOTALSKADA: Det ærverdige bygget frå 1921 må truleg rivast. (Bilde:  Halvor Farsund Storvik)
ETTERFORSKING: Politiet var på plass litt over klokka 09.00 i dag tidleg. (Bilde:  Halvor Farsund Storvik)
VANSKELEG: Taket låg som eit lok over brannen og gjorde det vanskeleg å komma til flammane med vatnet. (Bilde:  Halvor Farsund Storvik)
ETTERSLØKKINGA: Ettersløkkinga på brannstaden heldt fram i morgontimane måndag. (Bilde:  Halvor Farsund Storvik)
(Bilde:  Halvor Farsund Storvik)
STORE SKADAR: Taket fekk hard medfart i brannen. (Bilde:  Halvor Farsund Storvik)
VART BERGA: Paviljongbygget ligg kloss i huset som brann ned, men er truleg heilt uskada. Det same gjeld barnehagen like ved. (Bilde:  Halvor Farsund Storvik)
GJENNOMBRENT: Fasaden som vender mot Sogndal sentrum har tilsynelatande fått dei største skadane. (Bilde:  Halvor Farsund Storvik)
STORE STYRKAR: Over femti personar frå brannvesenet og Sivilforsvaret jobba iherdig for å verna bygget. (Bilde:  Halvor Farsund Storvik)
Video

Trass iherdig innsats greidde dei ikkje å hindra at bygget gjekk tapt: – Det var ein verkeleg krevande jobb

Innsatsleiar Elmer Sjøvoll i Sogn brann og redning fortel om ei dramatisk natt. Ordførar Jarle Aarvoll rosar innsatsen.

Sogndal: Store styrkar vart i går kveld kalla ut til brannen som hadde blussa opp i det nesten hundre år gamle bygget. Her holdt ei barnehageavdeling, eit arkitektkontor og kyrkjekontoret til.

Men trass iherdig innsats frå 37 brannmenn frå Sogn brann og redning, eit mannskap på 15-20 personar frå Sivilforsvaret, ein skumbil frå flyplassen på Haukåsen og stigebil frå Førde, var det ikkje råd å berga det ærverdige huset frå 1921.

– Slik eg ser det no og etter meldingane eg har fått frå mannskapa, så er bygningen totalskada. Den vil du ikkje kunna bruka meir, seier innsatsleiar Elmer Sjøvoll i Sogn brann og redning.

(Artikkelen held fram under videoen)

Greidde å hindra at brannen spreia seg

Dei fekk automatiske brannvarsling klokka 18.45 søndag kveld. Etter kort tid kom det òg inn meldingar om at det var opne flammar i bygningen. 

– Då visste me at me hadde ei stor utfordring med eit veldig gamalt bygg. Me køyrte full alarm på stasjonen på Leikanger og i Gaupne og sende beskjed til Sivilforsvaret om at me trengde bistand frå dei òg, seier Sjøvoll.

Første prioritet var å hindra at flammane spreidde seg til paviljongen og barnehagen like ved. Røykdykkarane som tok seg inn i bygget vart møtt av tjukk røyk og vanskelege arbeidstilhøve. På utsida gjorde taket at det var vanskeleg å komma til med vatn for å sløkka.

– Det var ein verkeleg krevande jobb, fortel Sjøvoll.

FLAMMEHAV: Dette biletet fortel det meste om kor voldsomt brannen herja i går kveld og i natt. 
FLAMMEHAV: Dette biletet fortel det meste om kor voldsomt brannen herja i går kveld og i natt.  Bilde: Josef Benoni Ness

I starten var det òg utfordrande å få nok vatn til sløkkejobben. Det kommunale leiingsnettet har nemleg avgrensa kapasitet.

– Heldigvis fekk me Sivilforsvaret veldig kjapt på plass. Dei pumpa vatn frå sjøen opp til oss her og då hadde me rikeleg med vatn, seier Sjøvoll.

Ordføraren rosar innsatsen brannatta

Etter kvart vart det bestemt å trekka ut røykdykkarane. Det vart for farleg å halda fram. Då dei seinare fekk kontroll over flammane og varmen kunne den innvendige sløkkinga starte opp att.

– Me trekte dei ut når me såg at huset byrja å bli overtent. Det var for å sikra at me ikkje fekk skadar på eige personell, seier Sjøvoll.

TRIST, MEN IMPONERT: Sogndal har mista eit kulturminne, i tillegg til fleire arbeidsplassar og ei barnehageavdeling. Ordførar Jarle Aarvoll er imponert over at det ikkje gjekk verre, med tanke på flammane som herja.
TRIST, MEN IMPONERT: Sogndal har mista eit kulturminne, i tillegg til fleire arbeidsplassar og ei barnehageavdeling. Ordførar Jarle Aarvoll er imponert over at det ikkje gjekk verre, med tanke på flammane som herja. Bilde: Halvor Farsund Storvik

Han har ingen kommentar til kvar brannen truleg har starta.

– Det blir ei politisak, seier han.

Sjølv om hovudhuset vart totalskada, greidde dei å hindra at brannen spreidde seg til mellom anna paviljongbygget vegg i vegg og barnehagen like attmed dèt igjen.

Ordførar Jarle Aarvoll tykkjer det er trist at kommunen har mista eit kjært kulturminne og at viktige arbeidsplassar og ei barnehageavdeling har gått tapt. Likevel er han imponert over innsatsen som vart gjort for å temma flammane.

– Når eg såg i går kveld korleis brannen herja på sitt verste, så tenkte eg at det ikkje ville stå mykje att når dette var ferdig. Så innsatsen frå alle involverte må ha vore formidabel, seier han.

Til toppen