MARKNAD: Dei gamle trehusa i Lærdal sentrum skapar ei fin ramme rundt julemarknaden. Sjølve marknadsplassen var julepynta og bodene stod tett i tett. Foto: Kaja Nygård
MARKNAD: Dei gamle trehusa i Lærdal sentrum skapar ei fin ramme rundt julemarknaden. Sjølve marknadsplassen var julepynta og bodene stod tett i tett. Foto: Kaja Nygård

Trassa minusgradene for å reise på marknad

Det var mange som trassa kulda i Lærdal for å hente julestemning på marknad.

Lærdal: Fredag var det stor stemning under julegateopninga og tenning av grana framfor rådhuset. Det var julesong av smånissar og servering av gløgg. Dette var ei god innleiing til julemarknaden som var i helga. 

JULEGRANA:  Tenning av julegrana. 
JULEGRANA:  Tenning av julegrana. 

Julestemning

Det var ei god stemning på julemarknaden laurdag. Marknadsplassen var julepynta og bodene stod tett i tett med variert utval. Til tross for kaldt vêr, var det stappfullt med folk. Det var sett opp ein liten bålpeis der ein kunne varme seg. Det var i tillegg fleire kafear ein kunne gå inn å få kjøpt seg kaffi og noko etandes. Det var både varm suppe og smørbrød på menyen. Kakeutvalet var også stort. 

– Her er ein veldig fin kafe med gode kaker og kaffi, seier Ingebrigt Wangensteen Gjerde.

Wangensteen Gjerde fortel at han alltid er ein liten tur innom når Lærdal arrangerer marknad. Han bur ikkje så langt ifrå. 

– Bodene ser veldig fine ut, og eg er alltid på utkikk etter Undredal ost og flatbrød, legg han til. 

KJEKT: Ingebrigt Wangensteen Gjerde synes alltid det er kjekt å vere på marknad i Lærdal.
KJEKT: Ingebrigt Wangensteen Gjerde synes alltid det er kjekt å vere på marknad i Lærdal.

Det kjem også folk frå nabokommunane for å besøke marknaden. Eit par frå Sogndal fortel at det var mykje fint i bodene og stemninga var god. Dei legg til at kafeane var veldig koslege. 

Tett i tett med boder

Utvalet på marknaden var stort og variert. Her kunne ein få kjøpt alt frå bakst, spekemat til handarbeid av ulike slag. 

Tya Bakeri frå Årdal var med på julemarknaden for første gong i år. 

- Salet i dag har vore veldig bra og kundane er veldig hyggelege, seier Linda Borlaug. 

Tya Bakeri hadde mykje julekaker til sals. Dei hadde også det populære gulrotbrødet i disken sin. 

- Eg synes marknaden er fantastisk flott og veldig triveleg, fortel Borlaug vidare. 

Artikkelen held fram under biletet. 

JULEKAKER: Julekakene til TYA bakeri var populære.
JULEKAKER: Julekakene til TYA bakeri var populære.

Undredal ost var også med på marknaden. Dei har vore med på marknad i Lærdal tidlegare. Margrete stod for oste-salet laurdag. Ho fortel at det er hennar første gong. 

- Mange kundar kjenner til osten frå før av, og veit akkurat kva dei vil ha, seier Margrete. 

GOD STEMNING: Margrete synes stemninga på marknaden var veldig fin og kunne tenkt seg å få tid til å sjå seg meir omkring i dei ulike bodene. 
GOD STEMNING: Margrete synes stemninga på marknaden var veldig fin og kunne tenkt seg å få tid til å sjå seg meir omkring i dei ulike bodene. 

 

Til toppen