Aurland: – Me er litt vanskelege å setja i bås ettersom me spelar alt frå Guns´n Roses til Hellbillies via Beatles og Chris Isaak. Pluss noko eige materiale. Men ettersom me har med ein på toradar hamnar me litt i eit folkrock-visepopunivers uansett kva låtar me vel, seier gitarist Bengt Erlend Skjerdal.
Det starta med at arrangørane av «Gåfestivalen» i Aurland i fjor ønskja seg eit lokalt band. I mangel av høvelege, etablerte alternativ oppstod eit heilt nytt band.
– Me raska saman ein gjeng og arrangørane av festivalen døypte oss «Gågutane». Attendemeldingane var gode og ganske kjapt fekk me spelejobb under oktoberfesten. Då byrja det å balla på seg.
Kjært barn har mange namn
Og det som i utgangspunktet var ei litt artig «greie» vart eit slags problem.
– Me tykte det var litt moro å skifta namn - først altså «Gågutane», så kalla me oss «Alle duene» under ein spelejobb på Duehuset. Og på ein julefest vart me «Dei grøne, glitrande». Etter kvart vart dette vanskeleg for folk å forhalda seg til, så då sette me oss ned tidlegare i haust her og jobba litt med namnet.
Resultatet vart «Frendar» og ei facebookside for bandet med dei fem: Bengt Erlend Skjerdal på gitar og vokal, broren Torgeir på vokal, Christoffer Elgåen på toradar, Fredrik Strømsnes på bass og Inge Andreas Merkesdal på slagverk.
Artikkelen held fram under biletet

Er lovd mykje god julemat
Fast namn og facebookside gav umiddelbare resultat.
– Med har akkurat spelt på oktoberfesten på Ægir og no skal me spela på seks julebord over fire helgar - tre på Fretheim hotell og tre på Flåmsbrygga. Så det er veldig kjekt.
– Det blir dårleg med tid til julebord for bandet, då?
– Me er lovd mykje god mat, så det skal gå bra.
– Høyrest ikkje ut til å berre vera sunt å spela rundt om?
– Me får ta det litt med ro, kanskje. Det er fort gjort å bli lei julemat lenge før jul, kan du seia.
Blir det plate?
Skjerdal fortel at dei også byrjar å få førespurnader om speling i andre deler av fylket, også i Hallingdal.
– Me har fått gode tilbakemeldingar på at me køyrer eit svært variert repertoar og spelar låtar folk kjenner til.
– Har de inntrykk av at det er manko på band som tek spelejobbar på ymse tilstelningar her i distriktet?
– Her i Aurland har me hatt nokre danseband som har spelt jamt og trutt, men det er ein litt eldre generasjon. Folk har nok sakna eit yngre band som spelar litt meir up-to-date-låtar. Så det verkar som mange ønskjer å høyra oss. Me er alt booka til sesongopninga på Duehuset til våren og eh har høyrd folk ser fram til det.
– Når kjem plata?
– Hehe, eg trur ikkje me skal seia at den kan bestillast enno. Men når me kjem over julebordsesongen blir det ei litt rolegare tid og då vil me prøva å laga litt meir eige materiale. Me har ein del bekjente med eige studio. Det er litt for tidleg å snakka om plate no, men me får sjå.