NI ANMELDELSAR: På sundag var 133 køyretøy kontrollerte, ni av dei vart anmeldt for forskjellige manglar. Eit vogntog hadde oljelekkasje på motoren, og fekk ikkje køyra vidare grunna brannfare.
NI ANMELDELSAR: På sundag var 133 køyretøy kontrollerte, ni av dei vart anmeldt for forskjellige manglar. Eit vogntog hadde oljelekkasje på motoren, og fekk ikkje køyra vidare grunna brannfare. (Foto: Arkiv)

Travel sundag for Vegvesenet, ni vart anmeldt på Håbakken

Eit vogntog hadde oljelekkasjar i motor, og fekk ikkje køyra vidare grunna stor brannfare.

Lærdal: Vegvesenet fekk ein travel slutt på veka, då dei sundag hadde 133 køyretøy innom Håbakken kontrollstasjon i Lærdal, skriv dei i ei pressemelding. 

Av dei kontrollerte vart ni førarar og transportselskap meldt til politiet. Nokre for å unnlate å stogga for kontroll, medan andre hadde alvorlege manglar på køyretøy og dokumentasjon.

Totalt 32 tunge køyretøy vart kontrollerte, og i tillegg til politimeldingane delte Vegvesenet ut åtte bruksforbod, og 18 skriftlege manglar. 

Brannfarleg oljelekkasje

Eit Litausik vogntog valde å ikkje stogga for kontrollen, og vart innhenta av Vegvesenet og anmeldt. 

Då vogntoget vart sjekka fann dei fleire oljelekkasjar på motoren som ifølgje Vegvesenet låg nær svært varme komponentar i motoren. Køyretøyet som skulle til Bergen fekk ikkje køyra vidare.

– Slike oljelekkasjar nær svært varme delar på motor kan lett føre til brann, skriv Vegevesenet.

To andre Litauiske køyretøy hadde trøbbel med dokumentasjon. Eit av dei hadde ikkje med fellesskapstillatelse, eit dokument som syner godkjenning for å driva godstransport i EU, og fekk køyreforbod fram til dokumentet vart framskaffa. 

Det andre, ein varebil med tilhengar, stogga ikkje for kontroll og vart anmeldt. Føraren hadde heller ikkje nytta køyre- og kviletida, og varebilen hadde ikkje fartsskrivar, som er pålagt for å få driva godstransport, og transportfirma vart anmeldt. 

Mangla yrkessjåførkompetanse

Ein Norsk minibuss stogga ikkje for kontrollen, og vart henta inn. Der kom det fram at føraren ikkje hadde yrkessjåførkompetanse. Førar vart anmeldt for å ikje stogga for kontroll, og for å driva persontrasport utan kompetanse. 

Ein førar av eit nederlandsk vogntog hadde brot på køyre- og kviletida. Han vart anmeldt då det vart avdekka at han hadde vore anmeldt for liknande brot tidlegare. 

Eit Finska vogntog hadde overlast på trekkvogna og fekk eit begyr på 8750 kr. Føraren hadde òg brot på køyre- og kviletida, og vart anmeldt.

Vidare vart eit norsk transportfirma anmeldt for mangel på fartsskrivar. Ein førar av ein ukrainsk personbil som dreiv varetransport var overlasta, og ein svensk lastebil med gods var for lang. Begge fekk køyreforbod.

Til toppen