PÅ FARTA: Eigarduoen Øystein Gulbrandsen og Kristoffer Nystedt er travle i høgsesongen på Utladalen Camping. - Det er trøkk no! seier Nystedt.
PÅ FARTA: Eigarduoen Øystein Gulbrandsen og Kristoffer Nystedt er travle i høgsesongen på Utladalen Camping. - Det er trøkk no! seier Nystedt. (Foto: Sunniva Knutsen)

Travelt for Utladalen camping: – Eg er som ein vandrande turistinformasjon

Både norske og nord-europeiske turistar har fått augo opp for campingen i Årdal, noko som byr på travle dagar for dagleg leiar Kristoffer Nystedt.

Årdal: – No er det ordentleg trøkk, det er veldig travelt! Men det er berre positivt, seier ein oppglødd Kristoffer Nystedt, dagleg leiar av Utladalen camping.

Juli månad er starten på høgsesongen for campingen, og så langt ser det ut til å bli ein ny rekordsesong.

– Sesongen me hadde i 2016 trudde me ikkje kunne toppast, i 2017 sa me at det ikkje kunne toppast. Men i år er det endå meir trøkk, seier Kristoffer Nystedt.

Fullbooka

Nystedt kan skryta av at campingen er fullbooka ut sesongen. Noko som byr på travle og lange dagar.

Det er fullt køyr frå klokka halv sju om morgonen til han legg seg på kvelden, fortel han, og det som tek opp mest tid i løpet av arbeidsdagen er å svara på spørsmål. 

– Eg er nett som ein vandrande turistinformasjon! Det går mykje tid til å svara på spørsmål, ler han. 

– Folk har fått augo opp for Utladalen

Gjestane, som kjem frå Noreg, Tyskland, Nederland og Nord-Europa generelt, kjem for å sjå- og å gå tur i Vettisfossen og Utladalen, fortel Nystedt.

Noko han sjølv trur er mykje takka vera eksponeringa av Utladalen på TV-programmet 71 grader Nord, i fjor. 

– Det er dei mest etterspurde turane våre. Me er så utruleg heldige at me har to av dei mest kjende turiskattraksjonane i Noreg; Jotunheimen og Sognefjorden, innafor kommunen. 

– Det er kjekt å sjå at reiselivet i Årdal lukkast med at folk får augo opp for Utladalen. Det er veldig gøy!

Telt og bubil meir populært

Hyttene er fullbooka ut sesongen, og jamvel kjem det stadig nye forespørslar og telefonen går i eitt. Det har det ikkje vore eit problem så langt, fortel Nystedt. 

– Eg har sett ei spesielt stor auke av gjestar som kjem med telt og bubil. Og det er veldig kjekt å sjå at norske familiar har oppdaga teltferien igjen, seier han. 

– Me ser mange familiar som reiser på tur saman. Det er enkle kår, og alle må gå for å henta vatn, og bidra med å slå opp teltet. Det varmar eit fjellhjarte, legg han til. 

Utebassenget i sentrum har vorte populært for gjestane våre...og endt opp med å utvida opphaldet fordi det var så kjekt.

Kristoffer Nystedt, dagleg leiar av Utladalen Camping

Han meinar at det utruleg fine vêret som har prega mai og juni har spelt ei viktig rolle:

– Det er kjekkare å campe, spesielt på ein fjellcamping som Utladalen, i fint vêr. Det er òg kjekkare å jobba på ein camping i fint vêr. 

Kombinert tilbod: fjell- òg badeferie

Campingen i Utladalen ligg fint til for dei fleste fjellturane Årdal har å by på, og ligg spesielt sentralt til Vettisfossen, Avdalen gard og Hjelledalen, seier Nystedt.

Men i sommar har han lagt merke til at det ikkje berre er naturen og turmoglegheitene som dreg turistane til campingen.

– I år ser me at utebassenget i sentrum har vorte populært for gjestane våre. Mange av gjestane har teke borna med seg dit, og endt opp med å utvida opphaldet fordi det var så kjekt. Det har vore veldig gøy å endeleg kunne visa fram bassenget i sentrum, seier han. 

– Det har vore heilt topp, for ein får jo ein kombinasjon mellom fjell- og badeferie!

Til toppen