SAMFUNNSBIDRAG: Det siste året har vore det første ordinære driftsåret til Gamleskulen der dei ikkje har kjend på presset av å vera å prøve. Det har godt bra, og på tre år har tiltaket bidrege til å senda 16 personar ut att i arbeid.
SAMFUNNSBIDRAG: Det siste året har vore det første ordinære driftsåret til Gamleskulen der dei ikkje har kjend på presset av å vera å prøve. Det har godt bra, og på tre år har tiltaket bidrege til å senda 16 personar ut att i arbeid. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Tre år etter opninga har Gamleskulen sendt 16 personar ut i jobb

I sitt første ordinære driftsår held bruktbutikken det gåande som før.

Årdal: – Me kjenner oss meir etablerte og har forstått at det ser ut til å gå bra sjølv om det stadig dukkar opp nye aktørar, ikkje minst private, som sel brukte ting, seier Steinar Drægni, som er leiar for Frivilligsentralen i Årdal.

Gjenbruk og brukthandel er i vinden som aldri før. I to prøveår har det vist seg at opplegget på Gamleskulen var vel verdt forsøket då dei opna dørene 23. august 2014. I fjor fekk dei lov til å driva vidare av dei folkevalde, og det viser seg at dette ikkje har vore noko blaff.

– Me har tenkt tanken om at «det ikkje kan halde fram slik», og at «det må koma ein dupp», men den har ikkje kome. Det var dårleg i juni og juli. I januar var det ny rekord, og i august trur eg me vil tippa over, oppsummerer han.

Har sendt 16 ut att i arbeid

Inntekter og omsetning er viktig det, men minst like viktig med tiltaket er menneska som jobbar der og kva ein slik arbeidsplass betyr for dei.

For det første er det godt for arbeidsledige å ha ein stad å gå til, men det er viktig at det ikkje er for kjekt å jobba på Gamleskulen. Difor er det laga til eit eige rom med datamaskiner, der dei kan fikse på CV-en og skriva jobbsøknader. På tre år har det enda godt for 16 personar.

– Me har eit godt samarbeid med NAV, og det ville ikkje gått utan. Det kjem fram mange dårlege historier om NAV i media, men denne er god, og eg håpar han vert langvarig. Det største for oss er når ein av dei som har vore her kjem smilande frå øyre til øyre etter å ha vorepå jobbintervju, fortel Drægni.

– Han eller ho har fått eit positivt svar og fått seg jobb. Det er å byggja menneske og å få folk ut i jobb. Det er utruleg stort når ein får telefonar frå potensielle arbeidsgivarar, og me kan gi ein ærleg og god referanse. Det har me fått til 16 gonger. Det er vanvittig bra.

Avhengig av gåver

Ei suksesshistorie utan like, som gjerne andre kommunar vil kopiere. Men sjølv om det dukkar opp nye aktørar stadig vekk, held Gamleskulen stand. 

– Me er heilt totalt avhengig av at me får inn gåver, saker og ting. Stoppar det, er det kroken på døra rimeleg fort. Men bygdefolk, eigentleg i heile Indre Sogn, kan me takka for at det går så bra, held Drægni fram.

– Me har ikkje peiling på kva som skjer i dag eller i morgon. Det gjer det spennande, og når det går så bra er det lett å motivere seg sjølv og andre. Me hadde ikkje hatt ein sjanse utan dei frivillige. Det er så mykje flinke folk, med mykje kompetanse og erfaring.

Til toppen