FERDIG: Etter laurdagens tap er sesongen over for Vårin Eriksen Ness
FERDIG: Etter laurdagens tap er sesongen over for Vårin Eriksen Ness (Foto: Arkiv)

Tre år med fotball i USA er over for Vårin (23)

Etter tap mot University of South Florida er årets fotballsesong ferdig for Vårin Eriksen Ness.

Florida/Kaupanger: For mindre enn ei veke sidan sende Vårin Eriksen Ness lagvenninene vidare til det nasjonale sluttspelet i universitetsligaen. Laurdag klokka 15.00 amerikansk tid gjekk laget til sogndølen av bana etter å ha tapt 0-3 i derbyet mot University of South Florida.

Tungt at det er ferdig

Dette tapet betyr at ei treårig lang reise med fotball på amerikansk universitetsnivå er ferdig for denne gongen.

– Det er tungt at det er over, men det har ikkje heilt gått opp for meg endå, fortel Ness til Porten.no etter kampen.

Allereie etter atten minutt tok University of South Florida leiinga mot Florida Gulf Coast University og gjennom heile kampen var det dei som tok ansvaret og skapte sjansane.

På slutten av andre omgangen skåra University of South Florida to mål til og avgjorde kampen utan at det blei noko spennande.

Fortjent tap

– Det var eit fortjent tap. Det var ein veldig tøff kamp og vi var fysisk og psykisk slitne etter den forrige kampen. Det funka berre ikkje for oss foran mål i dag, seier Ness.

Gjennom desse tre åra har Ness opplevd mykje forskjellig, men det er folka som har gjort at denne tida har blitt så bra som den har blitt.

– Samholdet og det sosiale er noko som eg ikkje kjem til å gløyma, det har vore veldig viktig.

Mykje eigentrening framover

No er sesongen ferdig. Det betyr at det blir mykje eigentrening framover.

– Det gjeld å halda seg i form og vera klar til det nye året med trening. Så er det berre å jobba hardt under oppkøyringa og stå på vidare, seier Ness.

Til toppen