Berre 16 prosent seier dei er for at radiosignala vert flytta over til DAB.
– Trass i massive kampanjar frå dei nasjonale aktørane, har verken tekniske eller innhaldsmessige argument klart å overtyde det breie lag av radiolyttarane om at DAB er noko dei treng, seier leiar Pål Lomeland i Norsk Lokalradioforbund til avisa.
Kommunikasjonssjef Mari Hagerup i Digitalradio Norge seier på si side at det er nødvendig å byte ut FM-nettet:
– Eg trur det er naturleg at folk ønskjer å behalde det gamle systemet fordi det er kjent og kjært. Men folk må ikkje gløyme at radio over DAB-systemet er veldig bra og gir eit langt større kanaltilbod over heile landet.
Undersøkinga er gjennomført av Ipsos med 1.000 respondentar i perioden 22. juni til 1. juli.