STENGT: Dette møter deg dersom du har tenkt deg over fjellet i Årdal fredag morgon. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
STENGT: Dette møter deg dersom du har tenkt deg over fjellet i Årdal fredag morgon. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Tre av fire fjellovergangar opne for fri ferdsel

Det snur seg fort på fjellovergangane.

Årdal/Aurland: Lykka varte ikkje lenge for fylkesveg 53 i går. Vegen vart først opna ut på ettermiddagen, men det gjekk berre nokre timar, så var vegen stengt att.

Slik er også ståa fredag kveld klokka 19. Fylkesveg 50 Hol-Aurland opna att rundt klokka 18 etter nokre timar med kolonne. 

På rv. 52 Hemsedalsfjellet vart det innført kolonnekøyring litt før klokka 12 fredag, men overgangen opna for fri ferdsel rundt klokka 1430. Klokka 19 melder likevel Vegvesenet om redusert sikt og at kolonne kan innførast på kort varsel.

Ei stund var berre Filefjellsom open, men klokka 1330 vart det innført kolonnekøyring her. Så opna overgangen att klokka 1530.

For å vera heilt oppdagert på fjellovergangane bør du sjekka Vegvesenet sine trafikksider.

Til toppen