BLANT DEI NOMINERTE: Ketil Thorbjørnsen er blant dei nominerte til årets fylkeskulturpris.
BLANT DEI NOMINERTE: Ketil Thorbjørnsen er blant dei nominerte til årets fylkeskulturpris.

Tre av fire nominerte til fylkeskulturprisen frå Indre Sogn har gått i kulturlandskapet si teneste

Den fjerde har gjort mykje for ungdomen, og har uttrykt seg kulturelt gjennom musikken og poesien.

Indre Sogn: Ketil Thorbjørnsen (Årdal), Finn Loftesnes (Sogndal), Kristin Sønnerheim (Aurland), og Geir Vetti (Luster) vart alle nominerte til årets fylkeskulturpris på onsdag.

Èin av dei er nominert for sine fortenester innan arbeid med musikk, ein er nominert mellom anna for bilete han har teke av natur og naturlandskap, medan to av dei nominerte har engasjert seg i å røkja og verna kulturlandskapet på forskjellig vis. 

Fotograf Finn Loftesnes

– Eg har vore føreslegen fleire gongen, og vore i nominasjonsfinalen dei siste to åra. Det er alltid stas å vera nominert, seier Finn Loftesnes, og legg til litt låttmild at han ikkje veit kven som nominerer han. 

Tidlegare har han undervist i friluftsliv og naturfotografering hjå Sogndal Folkehøgskule.

Loftesnes tek bilete av kulturminne, men også av den ukultiverte, ville naturen. Han har markert seg som ein framifrå naturfotograf, både i skog og mark. Han er også kjend for luftbilete han har teke for fleire Opptur-bøker.

Mange av bileta hans er med i andre praktbokverk som til dømes «Historia om Sogn og Fjordane» og «Tusen år i Sogn». Somme av bileta har hamna i lysbileteshow på Geiranger fjordsenter og Jostedalsbreen bresenter eller andre utstillingar. 

– Kunne du tenkja deg å vinna prisen i år?
 
Det hadde vore kjekt, no når eg har vore nesten heilt der oppe nokre år, å koma til topps, seier Loftesnes.

Kristin Sønnerheim og hennar arbeid for Aurlandsdalen

Kristins Sønnerheim vann mellom anna Aurlandsprisen 2013  for sitt arbeid for å verna kulturlandskapet i Aurland. Ho lurer på om ho ikkje vart nominert til fylkesprisen i fjor òg, og synest det er hyggjeleg. Men ho synest det er nok å verta nominert, å vinna sjølve prisen er ikkje so viktig.

– Nei, eg har ingen ynskje om å få nokon fylkeskulturpris, det må eg seia. Eg har fått prisar før, både frå kommunen og elles, og det held lenge.

Men ho set pris på nominasjonen: 

– Det er veldig kjekt å verte hugsa på og lagt merke til. Men det er nok dei som har gjort ein større innsats og fortener han meir. Min innsats er i Aurland. For å vinna ein heil fylkeskulturpris, so bør ein ha gjort eitkvart på fylkesbasis, meiner Sønnerheim. 

– Synest du det er kjekt at alt arbeidet du har lagt ned for å verna om kulturlandskapet i Aurland vert verdsett som viktig kulturarbeid?

– Ja, visst er det kjekt, at det vert akta. 

Sønnerheim er aktiv både i pensjonistlaget og i saniteten, i tillegg til innsatsen ho har lagt ned for Aurlandsdalen. Saman med eit heilt arbeidslag har ho jobba i årevis for å halda dalen i hevd. I år har dei lagt ned omkring 300 dugnadstimar i dalen. Mellom anna arbeider dei iherdig for at den gamle aurlandsdalvegen skal vera i god stand og farbar. 

–  Det er ein spesiell geografi me har der, med blomemarker, elv, fjell og varierande natur, seier Sønnerheim, som synest det er ei glede å halda på med dugnadsarbeidet.

Ketil Thorbjørnsen og hans vyrke som musikar og musikklærar i kulturskulane

Det er fyrste gongen eg er nominert, og det er fantastisk moro, seier Ketil Thorbjørnsen.
 
Det varma han å lesa nominasjonsteksten som einkvan har skrive for å grunngjeva at han fortener å vinna prisen.
 
– Vedkomande har verkeleg gjort seg flid med nomineringa, og eg kjenner meg audmjuk og takksam, seier Thorbjørnsen.
 
Thorbjørnsen har fått mykje gaum for den siste plata si som vart sleppt i april i år, "Vi treng trøyst". Kritikkane har vore strålande. Det er ikkje dimed sagt at Thorbjørnsen ventar å vinna prisen:
 
– Eg har ikkje ambisjonar om å vinna kulturprisen, men det var veldig stas å verta nominert. Det er so mange flotte kulturfolk kringom i Sogn og Fjordane, seier Thorbjørnsen. 
 
Platesleppet og fleire konsertspelingar som han har gjort med Verdsmannen-bandet sitt i år, er ikkje det einaste Thorbjørnsen har gjort i kulturens teneste dette året. 
 
Til dagleg er han lærar i kulturskulane i Årdal og i Lærdal. Lærdal er ei bygd som har hatt mange fine ungdomsband å syna til opp gjennom åra, og no har Thorbjørnsen bidrege til å blåsa liv i ein bandkultur der att. Det er fem velfungerande band i Lærdal no som alle har sprunge ut av kulturskulen, der dei har hatt Thorbjørnsen som musikklærar. 
 
Også i Årdal har Thorbjørnsen bidrege til at unge musikarar danar band. Mange av dei som får undervisning på kulturskulen finn vegen vidare til rockeklubben og bandfabrikken Hugin når dei har spela seg varme.

Prisen har lange tradisjonar

Fylkeskulturprisen har vore delt ut sidan 1980, og årets prisvinnar vert den 38. i rekka. I fjor var det Ove Henning Solheim og hans danselag «Dans utan grenser» som vann prisen. 

Prisen vert delt ut til ein eller fleire personar, eit lag, eller ein organisasjon frå Sogn og Fjordane.

Det lukkast ikkje Porten.no å koma i kontakt med den fjerde indre sogningen som er nominert, Geir Vetti, husdoktor, snikkar og fjellbonde. Han fekk den nasjonale kulturminneprisen i år 2012 for sitt arbeid med å restaurera gamle hus, setja i stand att gamle fjellgardar i Luster, og for å taka vare på og halda levande gamle kulturminne. 

Til toppen