– Situasjonen for bedriftene er dramatisk og akutt, seier regiondirektør i NHO Vestlandet, Grete Karin Berg.
– Situasjonen for bedriftene er dramatisk og akutt, seier regiondirektør i NHO Vestlandet, Grete Karin Berg. (Foto: NHO)

Tre av ti bedrifter i Indre Sogn fryktar konkurs

Den nye undersøkinga frå  NHO viser at heile 88 prosent av bedriftene i Indre Sogn opplever lågare etterspurnad og kanselleringar.

Sogn: – Me ser ei forverring for kvar veka sidan me byrja køyra medlemsundersøkingane våre like før skulane blei stengd i Noreg. Situasjonen for bedriftene er dramatisk og akutt, seier regiondirektør i NHO Vestlandet, Grete Karin Berg i ei pressemelding.

Mindre etterspurnad og permitteringar

88 prosent av bedriftene i Indre Sogn seier at dei har merka lågare etterspurnad eller kanselleringar av ordrar som følgje av koronaviuset. 86 prosent av dei spurte bedriftene i Ytre Sogn svarte det same.

62 prosent av de spurte bedriftene i Indre Sogn har gjennomført permitteringar i forbindelse med koronasituasjonen, men det hadde kun 29 prosent av bedriftene i Ytre Sogn.

Kjelde: NHO

NHO si fjerde medlemsundersøking etter korona-krisa starta for alvor i Noreg viser ein stadig verre situasjon for næringslivet. Undersøkinga viser at situasjonen er prekær i alle bransjar.

– No ser me blant anna at over tre av ti bedrifter seier at dei står i ei reell fare for å gå konkurs som følgje av sviktande etterspurnad i marknaden, seier Berg.

Heile 29 prosent av dei spurte medlemsbedriftene i Indre Sogn svarte at det er ei reell risiko for at bedrifta kan gå konkurs. 14 prosent av bedriftene i Ytre Sogn svarte det same.

Glad for kontantstøtte-pakke

I dag varsla regjeringa ei kontantstøtte-pakke for bedrifter. Denne håpar Berg at vil bli vedteke i neste veke.

– Denne skal etter planen dekka bedriftene sine løpende utgifter som blant annet husleige og forsikringar. NHO jobber tett med LO, regjeringen og Finansdepartementet i utarbeidinga av denne, seier Berg.

NHO Vestlandet jobber no med LO Vestland og Vestland fylkeskommune for å identifisera prosjekt og tiltak som kan iverksettast for å auke sysselsettinga og halde hjula i Vestland i gang. I går la fylkeskommunen fram ein tiltakspakke for næringslivet etter å ha gjort ei omprioritering i eigne budsjett.

– Me veit også at fylkeskommunen no jobbar med å fremskynda planlagte vedlikehaldsprosjekt og investeringar. Det er gledeleg at me no ser mange eksempel på lokale initiativ for å halde hjula i gang, og for å berga bedriftene gjennom ein akutt situasjon, seier Berg.

 

 

 

Til toppen