FARLEG I HAUSTMØRKET: Tre av ti bilar har feil med lysa når dei kjem til EU-kontroll, ifølgje ei fersk oversikt. Foto: Colourbox.
FARLEG I HAUSTMØRKET: Tre av ti bilar har feil med lysa når dei kjem til EU-kontroll, ifølgje ei fersk oversikt. Foto: Colourbox.

Tre av ti med dårlege lys

30 prosent av bilar som var på priodisk køyretøykontroll hadde fil med lysa.

Årdal/Lærdal: I perioden frå 8. juni og fram til 19. oktober var 422.451 køyretøy gjennom periodisk køyretøykontroll. Av desse hadde dryge 120.000, eller cirka 30 prosent, av dei kontrollerte bilane feil med lysa. Heile 15 prosent av desse igjen hadde feil med hovudlysa.

– Dette er ein situasjon vi ikkje kan slå oss til ro med. Feil med lys gir ein auka risiko i trafikken, særleg i den mørke årstida som vi no er på veg inn i, seier Arild Hansen som er dagleg leiar i Autobransjens Leverandørforening.

Dei nye reglane for EU-kontroll inkluderer kontroll av alle lysa på bilen, og inkluderer i tillegg til hovudlysa også baklys, blinklys, tåkelys og skiltlys.

ENKLARE: Statens vegvesen lèt no brukarane sjekke statusen på omregistrering via nettet.
ENKLARE: Statens vegvesen lèt no brukarane sjekke statusen på omregistrering via nettet.

Vegvesenet forenklar

Sidan salsmelding på nett blei lansert i april, har 25.000 levert salsmeldinga elektronisk. No utvidar Statens vegvesen tenesta.

– I den nye tenesta vil du også få status for omregistreringa av køyretøyet, for eksempel om forsikringa er i orden og om omregistreringsavgifta er betalt. Når alle forhold er i orden, får ein beskjed på SMS og moglegheit til å laste ned eit midlertidig vognkort, seier seksjonssjef Heidi Øwre i Statens vegvesen.

Moglegheita til å bestille nytt vognkort og levere salsmelding på nett er begge steg på vegen for full omregistrering på nett.

– Vi i Statens vegvesen er opptekne av brukarane våre og jobbar for å gjere kvardagen deira enklast mogleg. Frå neste år kjem det også ei betalingsløysing i tenesta. Då blir ho enda betre, lovar Øwre.

Til toppen