NY ROLLE: Mads Indrehus, banksjef i Vik Sparebank, får leiarrolla i den nye banken.
NY ROLLE: Mads Indrehus, banksjef i Vik Sparebank, får leiarrolla i den nye banken. (Foto: Pressefoto)

Han kan verta leiar av Sogn Sparebank

Indre Sogn Sparebank, Aurland Sparebank og Vik Sparebank har innleia samtalar om samanslåing, og tek sikte på å søka Finanstilsynet om løyve i løpet av året.

Indre Sogn: Dei tre bankane fatta vedtaket i dag, blir det opplyst i ei felles pressemelding. Det vil bli føreslått at namnet på den samanslegne banken skal vera Sogn Sparebank.

Målet med ei samanslåing er å «skapa ein solid og framtidsretta lokalbank i Sogn, som vil styrka lokalsamfunnet, lokale bedrifter og lokale arbeidsplassar.»

– Sogn Sparebank skal ha ein desentralisert struktur med lokal styring, utan oppbygging av hovudkontor, og med ei organisering som skal sikra best mogleg nærleik og kundekontakt, står det i pressemeldinga.

Kan skje allereie i år

Den nye banken vil ha omlag 50 årsverk, og rundt 7,6 milliardar kroner i forvaltingskapital. 

Det vert teke sikte på at generalforsamlingane i dei respektive bankane handsamar ein avtale om samanslåing i fjerde kvartal 2018, og at det deretter vert søkt Finanstilsynet om løyve til samanslåing.

– Sogn Sparebank vil kunna driva meir kostnadseffektivt og samtidig behalda den sterke lokale tilknytinga med nærleik til kundane, står det i pressemeldinga.

Har føreslått leiarkabalen

Administrerande banksjef vert Mads Arnfinn Indrehus, no banksjef i Vik Sparebank. Morten Kristiansen, som i dag er styreleiar i Indre Sogn Sparebank, vil bli føreslege som styreleiar i den samanslegne banken. Arve Tokvam, som i dag er styreleiar i Aurland Sparebank, er tiltenkt rolla som nestleiar i styret.

Administrerande banksjef Egon M. Moen i Indre Sogn Sparebank vil vera rådgjevar i samband med samanslåinga, fram til han går av med pensjon 01.03.2020.

Banksjef Gunnar Skahjem i Aurland Sparebank vil gå inn i leiinga i den nye banken. Styreleiar Olav Vikøren i Vik Sparebank vert føreslegen som styremedlem og leiar av Risiko- og revisjonsutvalet i den nye banken.

 

Til toppen