ULUKKE: Tre bilar har kollidert på Kaupanger, melder politiet sundag.
ULUKKE: Tre bilar har kollidert på Kaupanger, melder politiet sundag. (Foto: Sunniva Knutsen)

Ein person til legevakt etter kollisjon mellom tre bilar på Kaupanger

Tre bilar har kollidert på riksveg 5 på Kaupanger i Sogndal.

Sogndal: – Kollisjonen skjedde på riksveg 5 ved Shell, der ein bil skal ha køyrt inn i ein anna som kom ut på vegen foran han, seier vaktleiar ved alarmsentralen i Florø, Kolbjørn Øvrebotten til Porten.no.  

Han opplyser at politi og ambulanse er på staden og at ein person er sendt til legevakt for sjekk. Skadeomfanget er ukjent. 

Vest politidistrikt fekk melding om ulukka klokka 13:57. Det var redusert framkome på staden fram til klokka 15:15, då vart vegen opna for fri ferdsel. 

Til toppen