Tre bilar involvert i ulukke i Lærdal – kvinne kjørt til legevakt
(Foto: ARKIV)

Tre bilar involvert i ulukke i Lærdal – kvinne kjørt til legevakt

Kollisjonen oppsto då den eine bilen kom over i motsatt køyrefelt.

Lærdal: Alle naudetatar har rykka ut til Holesvingane i Lærdal etter melding om trafikkulukke. Tre bilar er involverte. Ein person treng tilsyn frå helse. 

– Alle naudetatar er framma. Ei kvinne er kjørt i ambulanse til legevakta. Elles er dei andre tilsynelatande uskadd, seier oppdragsleiar Dan Erik Johannesen ved operasjonssentralen. 

Kollisjonen oppsto då den eine bilen kom over i motsatt køyrefelt. Det skal ikkje ha vore høg hastighet. 

Vegen er stengt inntil vidare.

– Bilbergar er akkurat kome fram, så det vil nok ordne seg ganske snart, seier Johannesen.

Porten.no kjem tilbake med meir. Bilete eller tips? Send til tips@porten.no

Til toppen