DÅP: Tre born vart døypt i Utladalen Naturhus førre søndag. Det var trangt om plassen då den opprinnelege dåpen vart flytta frå uteområdet og inn i Naturhuset. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
DÅP: Tre born vart døypt i Utladalen Naturhus førre søndag. Det var trangt om plassen då den opprinnelege dåpen vart flytta frå uteområdet og inn i Naturhuset. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Tre born vart døypt i Utladalen Naturhus​

Jakob, Zara og Nikolai døypt under søndagens naturgudsteneste under Skåri. 

Årdal: Den planlagte naturgudstenesta under Skåri vart flytta inn i Utladalen Naturhus grunna regn. 

– Me valte naturgudsteneste for opplevinga si skuld. Det var utruleg koseleg og plassen i seg sjølv var veldig fin. Alt i alt var det ein velukka barnedåp, seier Charlotte Nedrebø. 

Sonen hennar Nikolai Unhjem på tre månadar vart døypt saman med Zara Imre Nyheim Igari og Jakob Andersen. 

Saka held fram under bilete.

DÅP: Nikolai Umhjem saman med far Stian Umhjem under gudstenesta i Utladalen Naturhus.
DÅP: Nikolai Umhjem saman med far Stian Umhjem under gudstenesta i Utladalen Naturhus.

Døypte begge borna ute

Lena Nyheim Igari og ektemannen Gabor Imre Nyheim Igari valte også ein kreativ vri på dåpen til fire månadar gamle Zara Imre Nyheim Igari.

– Det var eigentleg litt tilfeldig at me valte å gå for dåp under ein naturgudsteneste. Første guten min er døypt ute på Styvi og eg syns det var så fint, med knall på himmel, forklarar Lena. 

GOD STEMNING: Zara Imre Nyheim Igari vart døypt saman med to andre born inne i Utladalen nNaturhus.
GOD STEMNING: Zara Imre Nyheim Igari vart døypt saman med to andre born inne i Utladalen nNaturhus.

Familien hadde ikkje vore å sett korleis Naturhuset såg ut før dåpen starta. Grunna regn og dårleg vêr, vart den planlagte utegudstenesta flytta inn i Naturhuset. 

– Det vart litt kaotisk og trongt, men det gjekk heilt greitt. Eg syns det er ganske spesielt med slike naturgudstenester. Sjølv om det nok hadde vore betre plass ute, så var det vertfall koseleg. Vêret kan ein ikkje gjera noko med, seier Lena. 

Populært med utedåp

Førstemann som vart døypt i Utladalen naturhus under søndagens sermoni var Jakob Andersen.

Saka held fram under bilete. 

FØRT UT: Son til Morten og Sandra Andersen, Jakob Andersen, var førstemann til å bli døypt under naturgudstenesta.
FØRT UT: Son til Morten og Sandra Andersen, Jakob Andersen, var førstemann til å bli døypt under naturgudstenesta.

– Det har blitt meir og meir populært å ha dåp her under Skåri. Me har hatt litt press på gudsteneste med dåp no før sommaren, seier prest Stein Arne Larsson.

Før var folk veldig bastante på at barnedåp skulle vere i kyrkja, men no har kyrkja opna for både vigsle og dåp der dei har gudsteneste regelmessig ute.

– Eg må setje ein begrensning på tre born her oppe. Det var fleire som hadde lyst, som me måtte sei nei til. Det er noko med at det er eintimers prosjekt. Tre er passelig. Der set me streken, seier Larsson. 

Måtte improvisere

Prest: Stein Arne Larsson saman med Jakob Andersen. 
Prest: Stein Arne Larsson saman med Jakob Andersen. 

Dei som skulle ha dåp denne søndag var alle innstilt på at det kunne oppstå forandringar i programmet. 

– Ein må improvisere litt. Me trudde i utgangspunktet at me skulle få fint vêr, men slikt kan ein aldri vera 100 prosent sikker på, seier Larsson. 

Dette er tredje gong årdalspresten har dåp under Skåri. 

– Det er veldig koseleg å kome ut blant folk. Helst skulle det vore ute i naturen, men eg syns det fungerte bra her inne også. Eg likar typen gudsteneste der det er noko utanom det vanlege som skjer. Det er litt uvanleg at så mange born vert døypt samstundes, seier Larsson. 

Neste søndag skal fire born døypast på tradisjonelt vis i kyrkja i Årdal. 

 

 

Til toppen