Lærdal: I Lærdal gjekk fraktinga av dei ulike delane til hytta gjekk etter planen torsdag. Når hytta kan takast i bruk er førebels litt usikkert.
– Eg reknar med at monteringa tek 3-4 dagar, men før dette arbeidet tek til skal hyttene i ein del andre kommunar i nærområdet flygast på plass. Då må ein ha vergudane på si side, seier kulturleiar Magne Grøttebø i Lærdal kommune.

Lett tilgjengeleg
I Årdal var dei ikkje like heldige. Torsdag var alt klart for at dagsturhytta skulle koma på plass, men det gjekk ikkje etter planen denne gongen heller.
Ifølgje Årdal gålag gjorde vind og turbulens til at piloten ikkje tok sjansen på å løfta med seg hytta. Resten av utstyret vart derimot frakta opp, og arbeidet med fundamentet har så vidt starta.
I Sogndal har dårleg helikoptervêr ført til at monteringa av dagsturhytta har blitt utsett i over ein månad. Torsdag spelte vêrgudane endeleg på lag, og dagsturhytta vart flydd opp til Stedjeåsen der ho skal stå.
Hytta er likevel ikkje heilt klar til å bli tatt i bruk.
– Teamet som skal montera hytta ferdig, jobbar no med å fly inn dei siste to hyttene i Sogn. Etter dette skal dei tilbake for å ferdigstilla alle hyttene. Dette arbeidet ventar dei vil ta inntil fire veker, skriv kommunen i ei pressemelding.

Sikrar hyttene mot vêr og vind
Dagsturhyttene er finansiert av Sparebankstiftinga. Sogn og Fjordane fylkesbibliotek vil forsyna hyttene med bøker og eit nynorsk turbibliotek. Deretter skal folkebiblioteka i kommunane syta for påfyll, og vedlikehald når det trengst.

– Eg vil tru at både barnehage og skular vil bruke hytta til dagsturar, elles er den sjølvsagt tilgjengeleg for folk flest, seier kulturleiaren i Lærdal.
Lærdal turlag har avtale med kommunen om å drifta dagsturhytta på Mjølkeflaten. Leiar i turlaget Rolf Engløkk seier til Porten.no at dei neste sommar vil gjera ein del arbeid langs stien opp til hytta.
– Det er tre spesielt svaberg som til tider kan vere litt vanskeleg å passera. Her vil me gjera det sikrare ved å bygga trapper, seier Engløkk.