TRE MISTA FØRARRETTEN: Under kontrollen av tunge køyretøy på Håbakken natt til torsdag, vart fire førarar tekne for brot på køyre- og kviletida. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen
TRE MISTA FØRARRETTEN: Under kontrollen av tunge køyretøy på Håbakken natt til torsdag, vart fire førarar tekne for brot på køyre- og kviletida. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen

Tre førarar måtte sette kursen ut av landet

Fire utanlandske førarar vart stoppa på Håbakken natt til torsdag på grunn av brot på køyre- og kviletida. Der måtte dei vera til politiet følgde opp saka på dagtid torsdag. 

Lærdal: Under kontrollen av tunge køyretøy på trafikkstasjonen på Håbakken natt til torsdag, stoppa Statens vegvesen fire førarar på grunn av brot på vegtrafikklova om køyre- og kviletid. 

Tre av dei fire førarane som vart stoppa mista etter politiets avgjerd torsdag førarretten i Noreg. 

Fekk frist på å koma seg ut av landet

– To av dei mista førarretten i tre måndader og ein i ni månader, noko som er avhengig av kor alvorlege brota på køyre- og kviletida er, forklarar operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt. 

Dei fekk dermed frist til å koma seg ut av landet til fredag morgon og det er oppretta straffesak. Norsk politi har ikkje moglegheit til å inndra førarrettane utanfor landets grenser. 

– Spesielt med fire på ei gong

Den fjerde personen som vart teken for å ikkje overhalde reglane i vegtrafikklova om køyre- og kviletid, godtok ei bot på 10.000 kroner. 

Gulliksen tykkjer det er spesielt at det er fire stykk som vart teken på ei gong, men fortel elles at kontrollane av tunge køyretøy på Håbakken er heilt kvardagslege. 

Til toppen