SKÅRFAST: Falketind ligg i Jotunheimen.
SKÅRFAST: Falketind ligg i Jotunheimen. (Foto: Google Maps/Skjermdump)

Tre klatrarar skårfast på Falketind

Det melde politiet på Twitter rett før midnatt.

Årdal: Tre klatrarar i midten av 20-åra sat natt til tysdag skårfaste på fjellet Falketind i Jotunheimen. Dei kom seg verken opp eller ned, og var ikkje utstyrte for overnatting. Det var lågt skydekke, regn og sludd.

Klokka 05:15 opplyste politiet på Twitter at dei tre klatrarane var henta ut av ei alpin redningsgruppe.

– Opplyst å vera i fin form og klarer seg sjølve vidare. Redningshelikopter returnerer til Sogndal med den alpine redningsgruppa, skriv dei.

Til toppen