MÅ REDUSERA BESTANDEN: Årdal, Lærdal og Aurland er peika ut blant totalt 15 kommunar i Nordfjella-regionen, som må redusera bestandane av hjort og elg kraftig for å hindra spreeing av skrantesjuke.
MÅ REDUSERA BESTANDEN: Årdal, Lærdal og Aurland er peika ut blant totalt 15 kommunar i Nordfjella-regionen, som må redusera bestandane av hjort og elg kraftig for å hindra spreeing av skrantesjuke. (Foto: Arkiv)

Tre kommunar må redusera viltbestanden for å hindra skrantesjuke

Aurland og Lærdal må redusera bestanden mest.

Lærdal: I eit brev har Miljødirektoratet oppmoda 15 kommunar i Nordfjella-regionen til å leggje til rette for ein kraftig reduksjon av bestandane av hjort og elg. Blant dei er Årdal, Lærdal og Aurland, melder viltforvaltar Knut Fredrik Øi ved Felles landbrukskontor ÅLA i ei pressemelding. 

Dette er eit tiltak for å redusera faren for smittespreiing av skrantesjuke (CWD) etter det vart påvist sjuke villrein i Nordfjella sone 1, kjem det av ein rapport frå Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM). 

Aurland og Lærdal må redusera mest

Miljødirektoratet ber om at hjort- og elgebestandane vert halverte i forhold til 2016-nivå i samtlege av dei 15 kommunane. 

Aurland og Lærdal kommunar er bedt om å  redusera meir enn halve bestanden i forhold til 2016. Det er fordi dei har høg tettleik av hjort og stort areal med med overlapping mellom villrein og hjort og elg. 

– Det er er viktig at kommunane og jegerane kring Nordfjella ser alvoret i situasjonen og vil lytta til dei faglege råda som vert gjeve i brevet frå Miljødirektoratet og VKM-rapporten. Skrantesjuka er ein alvorleg trugsel mot bestandane av hjortevilt, både lokalt, nasjonalt og i verste fall internasjonalt. Ingen er tente med at skrantesjuka spreiar seg, skriv Øi i pressemeldinga.  

Dramatiske konsekvensar

Han understrekar at konsekvensane for spreiing til hjort og elg vil vera dramatiske. 

– Truleg vil bestanden av hjortevilt bli nøydd å haldast på eit minimum langt fram i tid. Me må me ikkje rota vekk moglegheita me no har til å hindre smitte. Det vil vera dramatisk av omsyn til framtidig dyrehelse. 

Det er no starta opp omfattande prøvetaking av hjortevilt. Totalt 75.000 prøvar er testa for skrantesjuke og per no syner resultata førebels at sjukdommen berre er å finna i Nordfjella sone 1. Dette er gode nyheiter, og gir håp om at me skal klara å verta kvitt sjukdommen, skriv Øi.

Til toppen