ÅRDAL PROSJEKTKOR: Søndag hadde prosjektkoret øving til konserten dei skal ha i mars. Foto: Kaja Nygård 
ÅRDAL PROSJEKTKOR: Søndag hadde prosjektkoret øving til konserten dei skal ha i mars. Foto: Kaja Nygård 

Tre kor i eitt på same scene som Arredondo og Sødal

– Eg har store forventningar til konserten, og eg håpar på mykje publikum. Eg meiner Maria og Torstein er to av dei beste artistane, og i tillegg er dei koselege folk. Eg trur dette blir ein fin konsert, seier Elisabeth Stewart Søvik.

Årdal: Søndag hadde prosjektkoret øving til konserten dei skal ha 15. mars. Prosjektkoret har øvd sidan like etter jul, og dei ser no fram til konsertdag, der dei skal stå på scena saman med Maria Arredondo og Torstein Sødal.

– Eg fekk førespurnad i slutten av november i fjor om eg kunne ordne med kor til denne konserten. Då eg såg på kva me skulle syngje, så tenkte eg det kunne vere artig å ha eit prosjektkor, fortel dirigent Elizabeth Stewart Søvik.

Årdal prosjektkor består av tre ulike kor, og dette er Årdalskoret, Gospelkoret og VDV.

– Det er tre ulike kor i eit kor, men det fungerer veldig fint. Alle har vore flinke til å komme på øvingar og til å øve heime. I tillegg har både Soknerådet og kora vore positive til eit slikt prosjektkor.

Ho fortel vidare at det er ho og Bert Brons som er dirigentane til prosjektkoret.

– Eg hadde ikkje klart denne oppgåva utan Bert. Han har blant anna gjort ein super jobb med innøving av stemmene til Gospelkoret og Årdalskoret.

Stort å få syngje med kjende artistar

Prosjektkoret skal syngje saman med Maria Arredondo og Torstein Sødal, som er to veldig kjende artistar.

– Ein lærer alltid av folk som er flinkare enn ein sjølv. Det er veldig stort å få syngje saman med Maria og Torstein. Me blir jo litt starstrucked når me får vere med to så kjende artistar.

Prosjektkoret skal syngje tre songar saman med Maria og Torstein, og i tillegg skal koret syngje to songar åleine.

Elizabeth Stewart Søvik skal saman med sonen, Scott Stewart Søvik, syngje ein song på skotsk, så skal koret komme inn og syngje på nynorsk.

– I dag er første gong me øver på den skotske songen. Men eg trur det skal gå fint, fordi alle i koret er så flinke til å øve.

Vil få opp interessa for kor

Stewart Søvik meiner det er svært viktig med kor, og ho håper at denne konserten vil få opp interessa til folk for å få fleire med i kora.

– Me håpar at denne konserten skal vere med å friste folk til å vere med å syngje i kor. Me har mista mannskoret i Årdal, og me har ikkje råd til å miste fleire kor. Eg synast at det å syngje i kor er både moro og sosialt, og i tillegg viser forsking at det er sunt å vere med i kor.

Det byrjar å nærme seg konsertdag og Elizabeth og prosjektkoret har store forventningar.

– Eg har store forventningar til konserten, og eg håpar på mykje publikum. Eg meiner Maria og Torstein er to av dei beste artistane, og i tillegg er dei koselege folk. Eg trur dette blir ein fin konsert, avsluttar Stewart Søvik.  

Til toppen